Aldersbestemte lag

Aldersbestemte lag

Sesongen 2017/18

Dale stiller med 10 lag i aldersbestemte klassar (utanom minihandball) J10, J11, J12, J13, J14 og J15. For Gutar stiller Dale med lag i G10 (1 og 2), G12 og G14.

Sesongen 2016/17

Dale stiller med lag i J10, J11 (2), J12, J13 og J15. Samarbeidslag med Førde og Høyang i J16 og i tillegg med Florø i J18. For gutar stiller Dale med lag i G10, G11 og G14.

 
Sesongen 2015/16
Dale stiller med lag i J10, G10, J11, J12, G12 og J14. I tillegg har vi spelarar med på felleslag med Førde J15 samt Bringlaget J16. Det betyr at vi og i år har høg aktivitet.
G12 samt felles lag med Førde J15 og J16 var serievinnarar.
Sesongen 2014/15
Dale stiller med lag i J10, J11 (2 lag), G11 (2 lag), J12 og J14 og fleire lag i minihandball. Det betyr at vi har veldig god aktivitet i dei yngste årsklassane. Små årskull i nokre årgangar gjer til at vi har færre spelarar og lag i dei eldste årgagane.

Sesongen 2013/14
Dale stiller med lag i J10/G10 (4 lag), J11, J12, J14, J18 (i samabeid med Førde) og minihandball.Årets sesong ber preg av fleire yngre lag og der ein har samarbeid med Førde når det gjelder 16-18 åringane. Hovudfokus er som tidlegare å få flest mulig i aktivitet. Samtidig ser vi at å ha ein spelar på landslagsnivå, to på regionalt landslagsnivå er viktig for interessa rundt og rekruttering til handballen.

Sesongen 2012/13
Dale stiller med lag i J/G10, J11, J12, J15, J16, J18 og minihandball. For sesongen 2012/13 er det inngått partnerskapsavtale med Førde for J16 der ein køyrer felles treningar og deltek kvalifisering til landsserien – Bring.Sjølv om forventningane til kommande sesong som vanleg er høge, er det viktig å understreke at håndballgruppa sine aktivitetar skal styrast av glede, fellesskap, respekt for kvarandre, helse og ærligheit.I menyen til høgre finn du resultat og tabellar for det enkelte lag.Sesongen 2011/12Resultat for sesongen vart J18 nr 2 i regionsmeisterskapen, J16 nr 4, J14 nr 6 i 1. divisjon, J12 nr 5 (med kun 2 poeng til 3.plass).Dale stilte med lag i Jente og Gutar 10, J12, J14, J16, J18 og minihanball.Oppsummering av sesongen 2010/11
Dale IL satsar stort på aldersbestemte lag innan handball og denne satsinga har gitt resultater. Sesongen 2010/11 var til samanlikning med 2009/10 full av oppturar og for andre året beste klubb i Sogn og Fjordane innan aldersbestemt handball for jenter.
J18 – spelte mange jamne kampar, vann to kampar og er totalt sett nøygd med innsatsen.
J15 – vart fylkesmeistrar ved å slå Sogndal 26-17 i finalen
J14 – vart nr. 3 i si pulje
J13 – vart fylkesmeistrar ved å vinne begge sluttspelkampane mot hhv. Stryn og Bjørn
J11 – spelar ikkje serie. Fekk sin første siger denne sesongen og spelte fleire jamne kampar mot dei beste laga.
Minihandball – er blitt ei stor gruppe og frå 4-7 lag har delteke i turneringane.
Oppsummering av sesongen 2009/10
 I Førde IL sin åpningscup vant Dale IL alle klassane dei stilte opp i innan aldersbestemte lag. I seriespelet har laga gjort det veldig bra. Det har vore ein sesong full av mange oppturar. Sannsynlegvis er vi den klubben i fylket som er best på aldersbestemt handball.
J16 vant sin serie i Sogn og Fjordane, vart fylkesmeister og nr. 3 i regionsmesterskapen.
J15 vant si pulje og vart nr. 2 i fylkesmesterskapen,
J13 vart nr. 2 i si pulje etter ein sterk vintersesong.
J12 vant si pulje og vart fylkesmeistarar.
J11 som grunna behov for fleire spelarar på J12 spelte heile sesongen med 9 og 10 åringar viste fin framgang.
Minihandball – 3-4 lag frå Dale deltok i dei turneringane