3 frå Dale IL sykkel deltek på NIbberittet

Karina Helle, Monica Johansen og Linda Hovland deltek laurdag på Nibberittet som går frå Geiranger sentrum og opp på Dalsnibba ca 1500 moh.Nibberittet er eit turritt med eliteklasse som for 11. gong går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h. Rittet er arrangert i samarbeid med Eidsdal I.L. 


Løypa
Rittet startar nede ved fjorden ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum. Etter ca. 4 km jamn stigning (1:12) opp til Flydalsjuvet, flatar løypa ut og ein syklar mellom anna på grusveg gjennom Knuten, ein sving på 270 grader. 

Ved Oplenskedal er det jamn stigning til ca 14 km opp til Blåfjellet. Herfrå er det ca. 2 km med tilnærma flatt terreng til Djupvasshytta før ein igjen startar oppstigninga til Dalsnibba. Denne siste strekninga på 5 km er på grusveg og har ei stigning på 1:8. Denne siste biten kallast Nibbevegen. Totalt har løypa 35 180-graders svingar, og ein total høgdeforskjell på litt over 1500 meter.