ÅRETS FØRSTE POENG FOR A-LAGET

A-laget tok årets første poeng då det vart 1-1 mot Kaupanger i den iskalde nordavinden på Dingemoen fredag kveld.
1.omgang var relativt jamnspela med eit par store sjansar til kvart lag. Etter pause tok vi kommandoen og fekk kjapt uttelling då Eirik sende oss i leiing etter tre minutt.
No var vi det førande laget ei stund utover i omgangen, men utan å skape dei store sjansane. Etterkvart tok Kaupanger over og fekk nokre gigantiske muligheiter. Det var difor ingenting å seie på at dei utlikna knappe 20 minutt før slutt.
Spesielt etter at Eirik vart utvist vart vi trykte bakover og var på gyngande grunn, men heldigvis ebba kampen ut med uavgjort og dermed årets første poeng.

Dagens Dale-spelar:   Eirik Systaddal

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Kaupanger 1-1 (0-0)
Dingemoen stadion
130 tilskdodarar

Mål:
1-0 48 min. Eirik Systaddal
1-1 72 min. Sindre Rørvik

Gule kort: William Nyhagen og Ole Einar Rebni, Kaupanger

Raudt kort : Eirik Systaddal, Dale (2 gule, 80 min.)

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Kim Frode Solheim, Runar Aune, Martin Myklebust, Kristoffer Rogne, Eirik Systaddal, Jonas Døving Nordal, Richard Skår, Jan-Anders T. Wichstrøm, Kennet Vik

På benken:
Vegard Ulvik, Stian Neset (for Richard i 80. min), Simen Stølen (for Kennet i 86. min), Vegar Kjos, Sander Dyrstad, Vegard Vesterås