ÅRETS FØRSTE SIGER

Med 1-0 borte mot Vik kunne vi endeleg juble for årets første siger i Firdaligaen.

Det vart ein tett og jamn kamp på Vik stadion, men heldigvis gjekk det denne gongen i vår favør.

Kampen vart aldri spesielt velspela, men hadde nerve og spenning heile vegen. Vik missa ei straffe då Knut gjorde si andre strafferedning på to kampar, og Erlend sitt kne var på rett plass til rett tid og avverga ein gigantisk Vik-sjanse i sluttminutta.

 



Også vi hadde våre sjansar. Einar skaut like utanfor heilt åleine med keeper og Kristian missa på ein sjanse på overtid som vel var like stor som å ha straffe…


Dette kunne ha vippa begge vegar, men vi vil ikkje påstå det var ufortent at vi vann. Vi framstod både med god innsats og organisering i dag, men har framleis ein del å gå på spelemessig og ikkje minst på å gjere dei lure vala i ein del situasjonar.


Dersom vi skal trekke fram enkeltspelarar i dag kjem vi ikkje utanom ein honnør til Kees. Han la ned ein vanvittig innsats, vann duellar og sprang minst for to kampen gjennom.


For humøret og sjølvtilliten i laget var dette ein særs viktig siger. No ser vi fram til ei god treningsveke før vi møter Sogndal 2 borte neste måndag i det som vi kan kalle ein av sesongens bonuskampar.


 


Kampfakta, Firdaligaen


Vik – Dale 0-1 (0-1)


Vik stadion


125 tilskodarar


Mål:


0-1 14 min. Tor Ivar Aase Dale


Gule kort: Christopher McCabe, Vik og Einar Furset, Dale


Dommar: Jan Erik Engan, Loddefjord


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Kristian Aase, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Tor Ivar Aase Dale


På benken:


Aloman Ioan, Einar Furset (for Stian frå 13. min), Alexander Myklebust (for Vegard frå 46. min), Kennet Vik (for Martin frå 63. min), Jostein Vagstad