ÅRETS SYKKELFEST VEL BLÅST!

Dale IL Sykkel arrangerte sin årlege sykkelfest i Klokkargarden fredag kveld. Martin Øverås hylla for sine gode prestasjoner i år.For 6. år på rad avslutta sykkelgruppa sesongen med ein sosial kveld for alle aktive og deira fylgje, i år som ifjor kosa vi oss med god mat og drikke i løa på Klokkargarden. Tradisjonen tru er dette kvelden for å oppsummere sesongen sportsleg, og mest merksemd fekk Martin Øverås for sine prestasjonar i år.

Martin har i år hatt fokus på Norgescupen for veteran, og delteke på i alt 25 sykkelritt rundt omkring i Norge. Norgescupen består av ein tempocup og ein fellesstartcup, Martin vann tempocupen og vart nr 2 i fellesstart. Totalt gav dette Martin ein flott 3. plass i Norgescupen samanlagt i si klasse. For dette fekk han utdelt medaljer og diplom på årets sykkelfest.

Ellers var det og på sin plass å gje ein honnør til Linda og Bente som står på og gjev oss gode spinningtimar gjennom sesongen. Denne innsatsen betyr både god rekruttering og at oss aktive får eit treningstilbod i vinterhalvåret. Jentene fekk fortjent blomster av leiar Ståle Brattelid.

IMG_6329.jpg