Forfatterarkiv: webmaster

Vaktlista for haust 2018 og vår 2019

IMAG1140

Vaklista for innesesongen er no klar. I tillegg til at den ligg her vil du alltid kunne finne den under Vaktlisteknappen til høgre på nettsida.

Vaktliste Haust 2018 Vår 2019

Orienter deg om di vakt og legg den i kalendaren slik at det ikkje går i gløymeboka. Din innsats desse 2 1/2 timane bidreg til å halde driftskostnaden for idrettslaget nede og med dette også avgiftene du betaler for deg eller dine born.

God vakt og vi snakkast i Fjalerhallen.

Mvh Dale IL v/leiar Linda Hovland
Mob: 99 01 78 52

KLUBBHANDBOK for DALE IL, høyring

Kongleriketurnering

Dale IL har i 2017 og 2018 arbeidd med å få på plass overordna retningslinjer for organisasjon og aktiviteten i Dale IL.

Utkastet finn du her Høyringsutkast Klubbhandbok for Dale IL

Det har vore påpeika frå gruppene og medlemane at må prioritere å arbeide for å få dette på plass. Styret er derfor glad for at vi no har klar eit utkast. Arbeidet hittil har vore på styrenivå i lag med gruppeleiarane i laget. Det er viktig at de som foreldre/føresette og medlemer no kjem med dykkar innspel til Klubbhandboka. Når denne er vedtatt blir den styrande for all aktivitet i gruppene og samspelet mellom desse.

Det har vore viktig for styret at vi kjem fram til eit kortfatta dokument som skal forankrast ut til alle medlemer, ressurspersonar, foreldre og aktive. Det er likevel mange faktorar som må omtalast, men vi håper vi har nådd målet om å gjere det så enkelt og forståeleg som mogeleg.

Det er årsmøte i idrettslag som skal vedta Klubbhandbøker og endringar i høve desse. Styret i Dale IL vart av årsmøte 2018 gjeve mandat til å forankre og vedta første utgåve av Klubbhandbok for Dale IL.

Utkastet blir sendt ut til alle medlemene i laget via medlemsregsteret i Klubbadmin. Her vil også føresette få denne til gjennomsyn og få høve til å gje sine innspel.

MEDLEMSMØTE:
Vi inviterer også til medlem- og foreldremøte for alle der ein kan komme med innspel til Klubbhandboka. Dato er ikkje sett endå, men vil bli publisert på nettside, i e-post og i sosiale media.

Har de spørsmål i høve utkastet så ta gjerne kontakt pr. telefon eller e-post til leiar.

FRIST for å gje høyringsinnspel: 15. november 2018.
Desse kan de sende til : linda.hovland@gmail.com

Mvh
Dale IL styre
v/leiar Linda Hovland
Mob 99 01 78 52

Ekstraordinært årsmøte i Dale IL

Ekstraordinært Årsmøte I Dale IL

Dato: 10.10.2018   KL: 19:00
Stad: Fjalerhallen

Dale IL v/nemnda som har prosjektert ny fotballhall er kome så langt i arbeidet at styret i laget no fremmar saka  for EO Årsmøte.

Lenke til saksdokument: Sak til EOÅ Dale IL 10.10.2018

Ynskjer du som medlem ytterlegare saksdokument og vedlegga omtalt i saksdokumentet kan du henvende deg til leiar i laget, Linda Hovland
E-post: linda.hovland@gmail.com
TLF: 99 01 78 52

Vel møtt

Dale Idrettslag
v/leiar Linda Hovland

Årsmøte Dale IL 2017

Dato: 18.april 2018 kl 19:00

Stad: Fjalerhallen

Sakliste

  1. Godkjenne dei som har stemmerett.
  2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane.
  3. Velje dirigent, referent, og to medlemar til å skrive under protokollen.
  4. Handsame idrettslaget si årsmelding, inkludert eventuelle gruppeårsmeldingar.
    Årsmeldinga kan du lese ved å gå inn på lenka:  Årsmelding 2017 komplett
  5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand
  6. Handsame forslag og saker.
    Det er kome inn 4 saker til årsmøte
  • 6.1 Forslag til vidare arbeid med Kaldhall
  • 6.2 Forslag om å vurdere eige årsmøte for Dale IL Fotball
  • 6.3. Forslag om økonomisk godtgjedsle til leiar av Dale IL
  • 6.4 Orientering om aktivitetsarenaer under planlegging i Fjaler og bruk av tippemidlar.
  1. Fastsetje medlemskontingent og treningsavgift
  2. Vedta idrettslaget sitt budsjett.
  3. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan.
  4. Val
    Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemane skal veljast samla. Deretter skal varamedlemane veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjort i høve til stemmetala.

Dale 10.04.2018

Saksdokument kan ein få ved å ta kontakt med leiar i Dale IL, Linda Hovland.
Mob: 99 01 78 52 eller e-post: daleidrettslag@gmail.com.

Velkommen
Styret i Dale IL

 

 

 

Vaktliste Vår 2018

Vaktlista er no klar.

Vaktliste Vår 2018

Leiar har no gjort det veldig enkelt å brukar same lista som i haust med nokre nye namn. Det er tildelt ei vakt pr. familie. De står sjøl fritt til å velje kven som stiller, men det må vere vaksne.
Skulle vakta ikkje høve så byt gjerne med andre på lista. Kvar veke er også vist på informasjonsskjermen i Fjalerhallen.

God Vakt
Mvh Dale IL v/leiar, Linda Hovland

Vaktliste for HAUST 2017

Her finn du vaktlista for hausten 2017.

Vaktliste HAUST 2017

Vaktlista er basert på dei av dykk som er medlemer og foreldre i Daleidretten. Ditt bidrag her er med på å halde kostnadane i laget på eit lågare nivå. Det medfører m.o.a. at vi kan ha så rimeleg treningsavgift som vi har, om vi samaliknar oss med andre idrettslag.

Det er mykje aktivitet i hallen så desse timane går fort.

God vakt frå
Linda Hovland

Hausten i Dale IL

Hausten er her, fotballen legg bak seg ein utesesong med mange fleire aktive enn nokon gong før. Eg vågar påstanden om at det knapt finnest ein heim i Dale utan ein fotballspelar. Her eit lite glimt frå Kongleriketurneringa på Dingemoen i vår.
Kongleriketurnering

Turgruppa har rydda, merka og utbetra stinettet rundt Dale og på Heileberget og Steiestølen. Flotte turar som fleire enn Dalingen nyttar. Sykkelklubben slår frå seg på landeveg og terreng. Dei er få, men viser godt igjen der dei deltek.
21752605_1555105331218375_531502820511434431_o

Etter haustferien tek inneaktivitetane til for fullt og det blir fullt køyr både ute, i Fjalerhallen og på Dingemoen Skule. Handballen har fleire lag og aktive ein nokon gong tidlegare. Barneidretten sender i desse dagar ut påmelding til dei minste. Eit tilbod der idrettglede, meistring og variasjon står i høgsete. Badminton- og volleyballgruppa er allereie godt igang og har eit supert tilbod til dei som ikkje deltek i konkurranseidrettane.

MEDLEMSKONTINGENT OG TRENINGSAVGIFT
Som de sikkert skjønar så er det ein enorm dugnadsinnsats frå mange personar som gjer at vi kan ha så stor aktivitet med så mange aktive. Men nokre kroner må vi hente inn og framover no så vil vi sende ut faktura på medlemskontigent og treningsavgift for alle gruppene.

Satsane for dette finn du her: Kontigent og treningsavgift

MIN IDRETT
I år har vi gått over til Norges Idrettsforbund sitt system for fakturering slik at du som aktiv kan gå inn via Min Idrett og betale direkte på nett. Vi legg alle inn i dette systemet og vil ha full oversikt over medlemsmasse og kva idrett ein er aktiv i. Dei av dykk som er registrert med kontaktinformasjon i Min Idrett vil få epost om at det ligg faktura til betaling. Andre vil få brev. Gjer deg sjølv den tenesten som føresett eller aktiv, at du gjer deg kjend med systemet, og legg inn rett informasjon.

Det ligg mange medlemer registrert under Dale IL som vil få faktura på støttemedlemskap om ein ikkje er aktiv i ein idrett. I og med at vi går over til nytt system så kan det vere at der ligg medlemer som ikkje har fått faktura på medlemskap på fleire år. Vi håper du framleis vil støtte oss og er med å bidreg til at vi kan gjere ein god jobb for at Dale har aktive ungar, ungdommar, vaksne og eldre.

Linda Hovland,
Leiar
Mob: 99 01 78 52

Årsmøte 2016 for Dale IL

Årsmøte 2016
Stad: Fjalerhallen
Dato: 23.03.2017, KL 19:00

Saker til handsaming

1. Godkjenning av dei dei som har stemmerett
2. Godkjenning av innkalling og saklista
3. Val av dirigent, sekretær og 2 til å skrive under protokollen
4. Handsaming av idrettslaget si Årsmelding 2016
5. Handsaming av Rekneskap 2016
6. Handsame innkomne forslag og saker. Det er 2 saker til handsaming.
6.1 Innkjøp av bil
6.2 Revidering av Dale IL sine vedtekter
7. Fastsetje medlemskontingent
8. Vedta Budsjett for 2017
9. Val
10. Val av representantar til årsmøte i Fjaler Idrettsråd

Etter årsmøte vil det bli orientering om Kaldhallprosjektet.

Årsmelding 2016
Forslag til Nye vedtekter Dale Idrettslag

For andre saksdokument kontakt leiar.

Velkommen
Dale IL
v/ Linda Hovland, leiar
Mob: 99 01 78 52