BERGEN-VOSS 2011

I alt 10 syklistar frå Dale IL Sykkel, og to frå Hyllestad, gjennomførte laurdag dei 170 km mellom Bergen og Voss.For 4. år på rad stilte lokale syklistar til start på vestlandsklassikaren Bergen-Voss. Starten gikk ved Grieghallen i litt surt og kaldt ver, men etterkvart som vi kom over Kvamsskogen og innover Hardanger kom sola fram og veret vart kjempebra. Dei fleste av oss starta ilag kl 07:06, men etterkvart vart vi splitta opp og sykla mykje kvar for oss i felt med andre syklistar. Best av våre var Terje Ulltang som sykla turen på 5 timar og 7 minutt, det er kjempebra. Turen Bergen-Voss er totalt 162 km med ca 1500 høgdemeter å forsere, det betyr at i tillegg til å vere  ei fantasisk flott sykkeloppleving så er det ei styrkeprøve. Desverre kom vi ikkje frå det heilt utan uhell, då Arlen måtte ein tur i asfalten. Utruleg nok kom ho frå det med skrubbsår, det kunne gått mykje verre. Men totalt sett ein fin dag.

Resultat:

Terje Ulltang                       5:07:55
Bjarte Skår                          5:17:03
Ståle Brattelid                      5:30:42
Even Jarstad                        5:36:37
Bjørn Atle Haugsbakk            5:40:38
Martin Øverås                      5:43:14
Kjetil Felde                          5:46:47
Øivind Helle                         5:50:29
Arlen Solheim Hjarthold         6:02.54
Karina Helle                         7:04:42