BERGEN-VOSS

Seks personar frå Dale IL Sykkel deltok laurdag på Vestlandsklassikaren Bergen-Voss. Alle fullførte med stor stil.

STA40684.JPG


Sykkelrittet Bergen-Voss gjekk av stabelen laurdag 5.Juni. 9 personar frå klubben var påmeldt, men grunna sjukdom stilte vi seks syklistar til start ilag med over 4000 andre syklistar. Kl 0730 bar det avgårde på dei 170 km mot Voss. Litt kaldt var det i starten, men etterkvart kom sola fram og det vart ein flott tur innover Hardanger.


Desse deltok, slutt-tid i parantes:  Øivind Helle (5.29.06), Inge Jacob Nyland (5.27.06), Bjarte Skår (5.21.58), Martin Øverås (5.54.55) og Ståle Brattelid (5.37.04). Jarle Egil Haugsbø (5.42.59) var ikkje tilstades då bildet vart teke.