Birkebeinerrittet 2011

Heile 12 syklistar frå Dale gjennomførte i helga Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer. Hege Vagstad stod for ein kjempeprestasjon ved å klare merket i første forsøk.For 5. år på rad deltok syklistar frå Dale IL Sykkel på Birken, og gledeleg er det at vi denne gong deltok med heile 12 deltakarar (5 fredag og 7 på laurdag). Dette er solid deltakarrekord frå Dale IL Sykkel. Birkebeinerrittet er 96 km, og går i terreng og på grusvegar frå Rena til Lillehammer. Gjengen på fredag var alle debutantar, og fekk ein strålande dag i solskinn over fjellet. Laurdagsgjengen var ikkje like heldige med veret, for 3. år på rad vart laurdagsbirken prega av regn og gjørme, og sjølv om arrangøren hadde gjort mykje for å betre tilhøva vart det vått og sølete for desse også i år. Samtlege leverte gode prestasjonar på årets ritt, med den største einskildprestasjonen må likevel vere Hege Vagstad som sykla på nett over 4 timar, noko som heldt til merke. Dette merket heng høgt hjå Birkebeinarar, og tidlegare er det kun Kjetil Felde som har lukkast med å ta dette heim.

Resultat Fredagsbirken:

Runar Aune                      4.48.37
Arlen Hjartholm                5.46.04
Karina Helle                     5.49.42
Linda Hovland                   5.53.09
Bente Liabø Thorsen         7.46.42

Resultat Laurdagsbirken:

Kjetil Felde                      3.52.05
Øivind Helle                     4.03.25
Hege Vagstad                   4.06.56
Frode Hellebust                4.11.35
Ståle Brattelid                  4.23.12
Bjørn Atle Haugsbakk         4.37.06
Are Even Felde                  5.31.34