BITTERT TAP MOT SANDANE

Høg innsats og periodevis bra spel hjalp desverre ikkje. Vi måtte tole eit utruleg bittert tap mot Sandane på Dingemoen fredag kveld. Etter å ha leia 1-0 ved pause, fekk vi ein katastrofestart på 2.omgang med to kjappe i mot.Då var det få som trudde at vi skulle reise oss igjen mot eit av topplaga i årets 4.divisjon, men det gjorde vi. Fleire store sjansar resulterte i ei velfortent utlikning knappe 10 min før slutt. Rett etterpå hadde vi stolpeskot, men desverre var marginane i mot og heilt mot slutten fekk vi ein i trynet.

Utfrå spel og sjansar hadde vi fortent betre, men desverre så ville det seg ikkje denne gongen. Likevel må spelarane få skryt for å ha heva seg kraftig frå den begredelege kampen mot Sogndal 3 sist.

Dagens Dale-spelar:    Einar Aase

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Sandane 2-3 (1-0)
Dingemoen idrettspark
120 tilskodarar

Mål:
1-0 18 min. Kennet Vik 
1-1 52 min. Roosevelt Juty Johnny 
1-2 53 min. Ingar Sårheim
2-2 82 min. Jan Anders T. Wichstrøm
2-3 87 min. Ingar Sårheim

Gule kort: Kennet Vik, Dale og Torbjørn Teigen Gran, Håkon Schølberg, Andreas Bjørkum Vereide, Sandane

Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Alexander Myklebust, Kennet Vik, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Ashab Muskadzjijev, Nickolai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Norodd Myklebust, Tommy Holm (for Ashab i 56. min), Christopher Skadal (for Eirik i 57. min), Vegard Vesterås (for Alexander i 87. min), Sander Eikevik Dyrstad, Kristian Aase, Bendik Vik