BRAKTAP OG PÅ NEDRYKKSPLASS

Vi vart fleire nummer for små og tapte heile 9-0 for den suverene serieleiaren Sogndal 2 på Fosshaugane Campus på laurdag. Stillinga ved pause var 5-0. Dermed er vi no nede igjen på nedrykksplass når fire runder står att.Vi hadde lite å stille opp med mot Sogndal 2 og ein katastrofestart gjorde heller ikkje ei frå før vanskeleg oppgåve lettare. Heldigvis roa Sogndal 2 det forrykande tempoet utover i kampen, og vi slapp å få tosifra i mot.

No ventar botnlaget Lærdal på bortebane i neste runde. Her må det bli tre poeng for at vi skal ha eit brukbart utgangspunkt framfor dei tre siste og avgjerande kampane.

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Christopher Skadal, Vegard Vesterås, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Eirik Systaddal, Jan-Anders T. Wichstrøm, Einar Aase, Simen Stølen, Nicolai Macpherson, Tommy Holm

På benken:
Vegar Kjos (for Vegard V i 67. min), Martin Tonning (for Tommy i 72. min), Henrik Kummeneje (for Nicolai i 80. min)