DALE-LAG VANN UMBRO5CUP

Eit lag med hovudsakleg våre spelarar vann Umbro5cup i Førdehuset sist helg. Sidan avisa Firda fann det meir interessant å skrive om feiringa av ein 27-årsdag i Førde enn kven som vann turneringa, tek vi med ein artikkel på Førde Fotball si nettside:

Byx frå Dale gjekk seirande ut av dagens Umbro5Cup i Førdehuset etter å ha slått Samma D frå Jølster 3-0 i finalen.

Byx med pokalen for sigeren i Umbro5Cup idag! Foto: Knut Dvergsdal.

Det vart altså Byx frå Dale som stakk av med sigeren under vinterens andre Umbro5Cup i Førdehuset. Dei vann ei sterk gruppe mot Over The Top og Team Sport1 Førde med Ruben Holsæter og Kim Tangedal. I sluttspelet hadde dei størst motstand i semifinalen, der dei slo Hellebøs Angels 3-2, ellers hadde dei full kontroll.

Desse spelarane vann Umbro5Cup for Byx: Vegard Dyrstad, Vegard Skår, Kristian Aase, Jan Anders Wichstrøm, Runar Aune, Eirik Svorstøl og Alexander Myklebust.