Dalejente til storsamling for unge talent i Skien

Kjerstin Boge Solås er teken ut til felles sentral talentsamling i Skien. Frå 13.-16. august samlast talent født i 1997 frå heile landet. Uttaket er basert på innsats og deltaking på samling med dei beste spelarane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Dette er fyrste gongen vi har hatt ein spelar som er teken ut til samling på dette nivået. Det er utruleg imponerande og vi ynskjer Kjerstin god tur og lykke til på samlinga.