Damelaget tapte finalen

KM finalen for damer mellom Dale og Høyang i 4.divisjon 7’er vart spelt torsdag kveld på Sande stadion.

Starten på kampen var relativt jevn men Høyang tok meir og meir over utover i omganga. Dei rulla opp det eine angrepet etter det andre og gjekk fortjent til pause med leiing 2-0.


Andre omgang starta betre for Dale som etter eit kvarter reduserte ved godt plasert skot frå Malin. Dale trykte no Høyang bakover og heldt presset på dei i ein 10 minutts periode. Istaden for utlikning kom det 2 kjappe kontringar til 4-1. Dale reduserte ein gong til like før slutt på nok eit velplassert skot frå Malin slik at sluttresultatet vart 4-2


Vi gratulerer Høyang med KM tittelen!