ENDRINGAR I A-STALLEN

Før ein spennande haustsesong tek til på fredag kan det vere på sin plass å informere om nokre endringar i A-stallen.

Eirik Svorstøl seier takk for seg etter halv sesong og går attende til AHIL. Vi takkar Eirik for innsatsen, ønskjer han lukke til på nordsida av Dalsfjorden og seier velkommen attende ved eit seinare høve.


Kees Erstad reiser til Trondheim for å studere og kjem ikkje til å bli henta heim. Kees blir med på dei to første kampane og deretter kun unntaksvis dersom mannskapssituasjonen tilseier det.


På plussida har vi fått over Gaute Lundeland frå Krabbetor. Gaute har spelt fleire sesongar for oss tidlegare og er difor godt kjend både med spelestil og miljøet. Førebels gjeld avtalen med Gaute fram til 1.september og deretter vil vi saman med han ta ei ny vurdering. Vi ønskjer Gaute velkommen attende i Dale-trøya.


Gaute fekk sitt tredje gule kort for Krabbetor i siste vårkampen og må difor sone karantene mot Stryn førstkommande fredag.


Ein annan kjenning som berre delvis har vore med hittil i år er Kennet Vik. Han har trent godt i sommar og er disponibel utover hausten.


Vi ser fram til ein spennande haustsesong der vi håpar å forsvare den gode plasseringa frå vårsesongen og dermed komme med i det gode selskap som skal utgjere den nye 3.divisjon.