FOLKE-AKSJON: Innsamling til treningssenter i Fjaler

Som mange nok har fått med seg, så held vi på med ei forholdsvis stor utbygging av Fjalerhallen. Vi utvidar med omlag 230 rutemeter treningsareal og omtrent like mykje lagerplass.

Utbygginga er finansiert av Fjaler Kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og med tippemidlar. Bygget skal stå ferdig 1.september i år.

Driftsselskapet for Dingemoen Idrettspark skal stå for den daglege drifta av bygget, medan Dale IL er ansvarleg for å finansiere innkjøp av utstyr til treningssenteret.

Derfor er det no starta ein "Folke-aksjon" for å samle inn pengegåver til å kjøpe utstyr for. Idrettslaget har i desse dagar over 50 personar i sving med å verve privatpersonar som støttespelarar som er villig til å bidra med tilskot.

I treningssenteret vil det vere ein sal for spinning, område for vektløfting/styrkeløft, og sist men ikkje minst, vil det vere tilrettelagt for mosjonistar og andre som kan tenke seg å trene på helsestudio.
Vi ønskjer å få på plass tredemøller, ro-maskin, ellipse-maskin, ergometer-syklar, ski-maskin, multi-apparat som fleire kan trene på samstundes, i tillegg kjem anna treningsutstyr.

Vi samarbeider med fysioterapeut, og andre med stor kompetanse på treningssenter, for å prøve å få på plass best muleg utstyr som kan dekke alle sitt behov. Treningssenteret i Fjalerhallen skal vere ein plass for alle, både dei som driv aktivt med ein idrett og dei som ønskjer å komme i gang med litt trening.
Vi vil derfor også tilby instruksjon for alle!

Vi oppmodar alle som er positive til at ting skjer i Fjaler om å ta godt i mot dei utsendte innsamlarane våre når dei tar kontakt!
Skulle dei av ein eller anna grunn ikkje treffe deg heime, så har vi konto nr. 3705.24.43882 i Sogn og Fjordane Sparebank som er øyremerka innsamlingsaksjonen.

Alle bidrag er kjærkomne og mottekne med takk!

For innsamlingsaksjonen:
Elisabeth Boge
Linda Hovland
Rolf Kleiven
Vidar Samuelsen