Fotball – J15/16 med klart tap

I første KM finale borte mot Florø tapte jentene våre klart. Florø var best i det meste, men Dale kjempa godt og heldt følgje i 50 minutt.Stillinga til pause var 3-2 til heimelaget. Utover i andre omgang vart vi slitne, og då klarte vi ikkje å halde dei unna. Skilnaden på å vere 12 og 9 spelarar samt at Florø nesten berre er 95-jenter viste seg meir og meir. Florø punkterte kampen i løpet av eit kvarter midt i omganga og då kom måla tett. Til slutt stod det heile 12-4 til heimelaget.
Returkamp i Dale lørdag klokka 1400 – men det skal nok meir enn eit under til for at pokalen skal vere igjen i Dale…

I dag spelte:
Åsta Johanne, Ota, Kjerstin (2), Guro, Amalie, Ingrid N, Eivor, Silje Marie og Kristiane (2).