Full pott for Dale sine hanballjenter i helga

Alle laga vant sine kampar. Det vart skora 110 mål på fire kampar.Resultat og status for laga:
J13: Florø-Dale 9-13. Laget har vunne alle sine kampar og var allereie før kampen mot Florø seriemeistrar og klar for fylkesfinale. Spelar sine siste to ordinære kampar den 20.3. Deretter håper vi på (dvs. har søkt om) at fylkesfinalen blir spelt i Fjalerhallen.

J14: Dale-Jotun 18-8. Laget ligg på 4. plass men har færre kampar enn dei framforbi og kjempar mot Stryn når det gjelder 2. plassen. Påførte Førde sitt første tap for sesongen ved å slå dei 16-15 på heimebane (torsdag 10.3). Fire kampar gjenstår.

J15: Skavøypoll-Dale 19-27. Ligg på tredjeplass men kan ved å slå Stryn i siste kampen komme på lik poengsum som Førde og Stryn. Har eit tap mot Eid som spelar med dispensasjon. Resultat frå denne kampen blir stroke.

D4: Årdalstangen-Dale 12-52. Uavhengig av resultatet i den siste kampen mot Eid den 20.3, endar laget tilsvarande som ifjor på andre plass.

For J18 gjenstår tre kampar. Laget ligg å poeng med Årstad og Bjørna og har god sjans til kunne bli nr. 3 i serien.