Aldersbestemte lag

Generell info



Fotballgruppa i Dale IL har arbeidet sitt forankra i sportsleg plan. Denne fastset mål og korleis det skal arbeidast for å oppnå desse. Du kan lese heile planen her: Sportsleg plan 2006-2010


Aktivitetane våre er i hovudsak knytt til Dingemoen idrettspark – som består av Fjalerhallen, Dingemoen stadion og Dingemoen kunstgrasbane. Alle lag bruker garderober i Fjalerhallen ved trening og kamp. A-laget brukar garderobe på Dingemoen skule ved kamp på grasbana. Her kan du sjå flyfoto av Dingemoen området: Dingemoen


Alle lag skal før sesongstart fylle ut og levere til sportsleg leiar lister over spelarar som trenar og/eller spelar kamp for Dale IL. Dette er grunnlag for registrering av forsikring og treningsavgift. Åpne word dokument her: Skjema spelaroversikt


Fotballgruppa har laga felles satsar for eigenbetaling til sjåfør for spelarane våre. 
Satsane kan du lese her: Satsar for eigenbetaling.