Kalendar

 GrasStor.jpg

 
For å lagre strekkoden på din pc, høyreklikk på strekkoden og velg "lagre som". Trykk deretter LAGRE.

Vil du gje di støtte til oss?

 

Namn på lag:  DALE IDRETTSLAG

Organisasjonsnummer:           975 703 991

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje eitt lag eller ei foreining som du ønskjer å støtte. Dette gjer du ved å finne deg ein Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg om å støtte DALE IDRETTSLAG!

Tenk deg at du kan spele Lotto, Tipping og Joker – og samstundes gje noko til laget eller foreininga i ditt hjarte.. Dette er no mogleg frå 1. mars 2010 via Grasrotandelen. Ved å spele hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til laget eller foreininga du ønskjer å støtte (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din – det kostar ingenting å vere grasrotgjevar. Du treng Spelarkort frå Norsk Tipping for å bli grasrotgjevar. Spelarkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på norsk-tipping.no.
Vi oppmodar deg til å bli Grasrotgjevar, og dette kan du gjere ved å ved å velje ein av desse framgangsmåtane:

  1. Når du tippar hos din lokale kommisjonær gir du beskjed om at du vil sette DALE IDRETTSLAG som din Grasrotmottakar, org.nr.: 975 703 991
  2. Spelar du på nett, må du oppgje org.nr. til DALE IDRETTSLAG
  3. Du kan òg søke fram Dale Idrettslag på GRASROTANDELEN.NO. Der skriv du ut ein egen blankett med strekkode på. Denne tar du med deg til ein kommisjonær for registrering, og dermed støttar du DALE IDRETTSLAG  kvar gong du spelar Lotto, Viking Lotto, Joker, Oddsen, Tipping eller Keno hos Norsk Tipping.

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje klubben eller foreininga di får inn via Grasrotandelen.

Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!