Gutelaget med viktig siger i serieopninga

Gutelaget til Dale starta sesongen torsdag kveld. Motstandaren var Jølster, og Dale gjekk ut med ein sterk 3-1 siger, etter mykje om og men for å ordne eit 11’ar lag i guteserien.I opningsminutta pressa Jølster oss hardt og fekk eit tidleg mål på dødball. Midtvegs i 1.omgang tok vi over midtbana, og sjansane kom. Med 3-1 til pause var det berre å ro sigeren i land. Ingen av laga kom til noko særleg med sjansar i 2.omgang.

Målscorarar var: Bendik Vik og Sander Eikevik Dyrstad (2).

Laget:
Øyvind Einen, Tommy Flekke, Endre Vesterås, Vegard Vesterås, Jarle Ness, Sindre Ulvik, Christopher Julian Pitkanphai Skadal, Bendik Vik, Jan-Erik Solheim, Sander Eikevik Dyrstad, Sigbjørn Skogly, Odd-Helge Solheim, Sander Solheim og Ole-Robert Solheim.