Gutelaget tapte mot Balestrand

Gutelaget reiste heim frå Balestrand utan poeng, torsdag kveld. Kampen enda til slutt 3-1.
Vi starta kampen godt og fekk ein tidleg scoring ved Jørgen N, men heller ikkje i denne kampen klarte vi å halde heilt til kampslutt. Stillinga var 1-1 ved pause, noko som var eit greit resultat etter spel og sjansar. I starten av andre omgang vart vi pressa bakover på bana av eit godt spelande Balestrand lag, og dei fortsatte å produserte gode målsjanser resten av omgangen. Det var difor heilt fortent at dei etterkvart scora to mål på slutten av andre omgang, og vann til slutt 3-1.
Sjølv om det vart tap, skal gutane ha ros for at dei jobba godt i denne kampen.
 
Desse spelte: Vegard U, Jørgen K, Vegard V, Even, Halvdan, Sander, Ole Martin, Tommy, Sindre, Bendik, Sigbjørn, Jørgen N, Jan Erik, Simen