Gutelaget tapte mot Tambarskjelvar

Gutelaget gjekk på eit tap mot eit godt Tambarskjelvarlag torsdag kveld. Sjølv om vi leia kampen 2-0, klarte vi ikkje å halde heilt inn og tapte kampen til slutt 7-3. Vi var godt med i første omgang og ved pause var stillinga 2-2. På slutten av kampen var spelarane tydeleg slitne, og Tambarskjelvar scora 3 av måla sine det siste kvarteret.
 
Målscorarar for Dale var Jørgen N (2) og Ole Martin. Alle måla våre kom etter gode prestasjonar av dei to målscorarane.
 
Fylgjande spelarar deltok:
Vegard U, Sigbjørn, Sindre, Sander, Tommy, Bendik, Even, Jan Erik, Jørgen N, Jørgen K, Halfdan, Christopher, Odd-Helge, Ole Martin og Øyvind.