Gutelaget vann mot Gaular

Gutelaget gjekk sigrande av bana i kampen mot Gaular, torsdag kveld. Etter at Gaular gjekk opp i leiinga 1-0, tidleg i første omgang, overtok vi føringa og dominerte resten av kampen.

Vi produserte veldig mange målsjanser både i første og andre omgang, og klarte å setje seks av dei i mål. Etter å ha leia 6-1 halveis i andre omgang, kom Gaular tilbake på slutten av kampen og scora to mål. Vi vann til slutt komfortabelt 6-3.
Alt i alt var dette ein bra gjennomført kamp av våre gutar.

Måla var scora av Sander, Simen (3), Henrik og Ole Martin

Desse spelte: Vegard U, Øyvind, Jørgen K, Vegard V, Even, Christopher, Sander, Ole Martin, Tommy, Sindre, Bendik, Sigbjørn, Jørgen N, Jan Erik, Simen, Henrik, Einar og Odd Helge