Gutelaget var overlegne mot Askvoll/Holmedal

Torsdag kveld møtte våre gutar Askvoll Holmedal sitt gutelag. Kampen var jamn dei første minutta, og Askvoll Holmedal var frampå ved eit par anledningar. Men etter at våre gutar fekk første scoringa ved Sigbjørn, var spenninga i realiteten over. Det vart etter kvart klasseforskjell på laga. Stillinga var 3-0 ved pause, og Dale vann til slutt 8-0.
Til tider spelte vi bra fotball, og skapte veldig mange sjanser.  Hadde vi vore litt betre i avslutningsfasen, kunne nok sigeren ha vore mykje større. Vi får likevel seie oss nøgd med kampen.

Desse stilte for Dale: Vegard U, Øyvind, Sindre, Vegard V, Jørgen K, Tommy, Even, Sander, Henrik,  Jørgen N, Halvdan, Sigbjørn, Jan Erik, Odd Helge S,
Desse scora: Sigbjørn 2, Vegard Ulvik 2, Henrik 1, Sander 1, Einar 1, eit sjølvmål