Handb – Siger i første kamp for J12

Jente 12 var første lag i aksjon i årets sesong og vant med eit mål, 7-6 mot Stårheim på bortebane.Laga følgte kvarandre heile kampen og veksla på å leie med eitt mål.
For Dale fungerte forsvarsspel og keeperspelet veldig bra. Framover er det framleis ein del å gå på, men tatt i betraktning at jentene ikkje har fått starta med ordinere treningar, må resultatet kunne seiast å vere veldig bra.
Grunna fråfall måtte laget og låne to spelarar frå J11, Fride Haugen og Sara Zadig – stor takk til desse for å stille på kort varsel.

Desse var med:
Pernille Nedrebø, Fride Haugen, Emilie Hjartholm, Jannike Solheim, Maren Myklebust, Marina Hjartholm, Elise Hovland, Hannah B. Erdal, Sara Zadig.
Lagleiar: Arlen Hjartholm