Handb: Siger og tap i helgas kampar

Det vart både siger og tap for Dale sine lag i dei 4 kampane som var spelt i Fjalerhallen på søndag 23.10. J14 som var fyrst i elden var suverene og slo Stryn 22-5.

J10 hadde sin fyrste kamp på full bane og naturleg nok ganske spente før kampen. Her var iver og innsats svært stor. Laget slo Førde 6-3 i første kampen medan det vart knepent tap mot Askvoll/Holmedal i den andre kampen med 7-8. Innsatsen var som nemnd svært god og dette er jenter som det blir spanande å følgje i åra som kjem.
Jente 10 spelar ikkje serie, men resultata blir registrert etter kvar kamp.

J12 som med unntak av tre spelarar er 11-årsjenter, møtte eit av dei beste laga i serien og fekk desverre eit solid tap med 16-0 mot Høyanger. All ære til spelarane som ikkje gav opp og som trass tap såg ut til å vere i godt humør etter kampen.
Dette er ei forholdvis stor gruppe der mange viser stor treningsvilje og ståpå-humør og vil nok heve seg i løpet av sesongen. Det er stor skilnad på laga i serien så vi vil nok kunne oppleve at resultata gjenspeglar dette.