Handb – Tap for J18 mot Fana

Fana vart som venta for sterke for Dalejentene og vant fortjent laurdagens kamp i Fjalerhallen 35-15.Fana som har vore ubeseira i 2. divisjon (seriemeistrar) og i den nasjonale serien for J18 (SPAR-serien), vant som venta mot Dale sine jenter. Dale holdt bra følgje med Fana i første omgang (8-12), men med 5 spelarar med landslagserfaring vart Fana etterkvart for sterke utover i andre omgang. Sjølv om Dale varta opp med godt spel innimellom, var det lite å stille opp mot Fana som viste gode kvalitetar i alle delar av spelet. Særskilt dyktige avsluttarar og tempo i overgangane gjorde til at Fana til slutt vant kampen med 35 – 15. Med siger i kampen vart Fana seriemeistrar i J18 og Dale nr 2.
Sjølv med tap var det allikvel ei god og positiv erfaring å få møte norges beste lag. Det var og veldig bra at så mange som 250 tilskodarar hadde møtt opp for å sjå kampen.

På lagbilde er følgjande spelarar med (F=Fana og D=Dale):
Framme frå Venstre 13 Kaia Bertelsen (F), 2 Elise Sofie Solheim (D), 3 Celine Sivertsen (F), 8 Thea Nistad Sunde (D), 10 Juliane Moberg (F), 7 Lisa Lykkebø (D), 47 Marielle Solberg Medaas (F), 5 Rebekka Øen (D),
Bak frå Venstre: 9 Stine Mari Myklebust (D), 22 Erica Risti (F), 11 Laura Laukeland Kleiven (D), 78 Helene Karlsen Alvær, 14 Ingrid Hovland (D), 4 Emlie Hovden (F), 1 Margrethe Skår (D), 11 Emilie Christensen (F), 4 Sigrid Strand (D), 96 Kristine Henriksen Håland (F), 13 Rebecca Øen (D), 12 Karoline Gjengedal (F), 19 June Christine Legangen (F), 12 Andrea B Solås (D), Caroline Løseth (D), 3 Amalie Myklebust (D)