IDAR HAR SETT NY KLUBBREKORD

Idar Haugen Rochlenge har passert gamle heltar som Magnus «Magggen» Jørgensen og Helge Sørebø og er no nr. 1 på adelskalendaren i Dale.

Idar spelte sin 370. obligatoriske kamp mot Florø og etter kampen fekk superveteranen velfortent hyllest frå begge laga og publikum. Til stor applaus fekk 37-åringen overrekt ei Dale-drakt med nr. 370 på.


Idar debuterte så langt tilbake som i 1989 -altså før dei fleste av dagens medspelarar var fødde. Debuten kom mot Bremanger i dåverande 5.divisjon på bortebane og det vart siger 3-2.


I tillegg til Dale har Idar også spelt over 100 kampar for Vigør, Donn og Førde. Vi snakkar då om eit antal på nærare 500 obligatoriske kampar på 21 år, og det er ein prestasjon som det berre er å bøye seg i støvet for!


Vi gratulerer Idar med denne milepælen og satsar på at han held ut nokre sesongar til!