JENTELAGET FORTJENT KRETSMEISTER

Dale tok idag imot Selje til returkamp i KM finale for 7’er lag. Første kamp enda 1-1 forrige helg.

Innleiingsvis vil vi gje ros til vaktmester som gjorde ein kjempejobb lørdag og fekk bana speleklar.

Første omgang starta jevnt med halvsjansar til begge lag. Dale spelte i denne perioden trongt og kom ikkje rundt på kantane. Selje på side var stadig frampå med skot frå distanse. Dale tok leiinga etter 20 minutt ved Kristin. Ut over i omganga hadde Dale ballen mest utan å skore fleire.

Dale tok initiativet frå start av i 2. omgang og gjekk fortjent opp til 2-0 etter 5 minutt. Igjen var det Kristin som skora sikkert. Etter 11 minutt gjorde Kristin hat trick og kampen var i realiteten avgjort med 3-0. Etter dette skapte Dale masse sjansar og dominerte resten av kampen spelemessig. Selje hadde nokre sporadiske forsøk som forsvarer og keeper ordna opp i.

Med 3-0 idag og 4-1 samanlagt kunne Dale jentene sleppe jubelen laus og ta imot pokalen som kretsmeister 2010 frå Irene Sande Nilsen frå SFFK.

Vi gratulerer jentene, trenarane og støtteapparatet rundt laget !

CIMG4385.JPG

Idag spelte:

Kristin Solås, Rebecca Ullebø, Ine Osland, Andrea Solstad, Ingrid Hovland, Silje Marie Svartefoss, Ingvild Solås

Kristiane Løseth Haugen, Lisa Lykkebø, Sandra Høgheim Bratteli, Gina Garre-Fivelsdal.

 KM jenter2.jpg

KM jenter5.jpg

Kampfakta:

Dale – Selje 3-0 (4-1 samanlagt)

Dingemoen kunstgras

20 minutt 1-0 Kristin Solås

45 minutt 2-0 Kristin Solås

56 minutt 3-0 Kristin Solås

Dommar: Anja Amundsen, Førde

40 Tilskodarar

CIMG4388.JPGKM jenter1.jpg