Jentelaget starta overbevisande

Jenter 15/16 tok imot Hyllestad til sesongpremiere mandag kveld. Det vart einvegskøyring gjennom heile kampen.Dale varta periodevis opp med flott samspel og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Etter spel og sjansar både kunne og burde sigeren vore langt større. Hyllestad fekk ein einaste målsjanse 5 minutt før slutt. Dale vann fortjent 9-0 etter 4-0 ved pause. Spesielt løpskapasiteten og viljen til å spele saman var imponerande i dag.

For Dale spelte:
Ingrid H (4), Eivor, Kristiane (2), Rebecca, Ingrid N (1), Andrea (2), Guro, Amalie. I tillegg var Åsta-Johanne, Ota og Kjerstin frå småjentelaget med. (mål i parantes)