Jenter 13/14 med sin 8. siger

Småjentene starta høstsesongen bort mot Florø fredag kveld. Florø stilte denne kvelden med eit sterkare 7’er lag enn i kampen i Dale.

Etter ein jamn start tok Florø leiinga 1-0 men vi utlikna like etter. Utover i omganga tok vi over spelet og var på det meste opp i leiinga 4-1. Til pause stod det 4-2 til Dale. Vi måtte gjere litt byte på laget pga keeperskade i første omgang. Jentene tok denne utfordringa og 2 omgang vart jevnspelt. Det bølga fram og tilbake, men heile tida med Dale i leiinga. Florø var fysisk sterke og pressa oss periodevis hardt midt i andre omgang. Vi var tilsvarande giftige på raske kontringar. Til slutt vart det Dale siger 8-5.


Måla vart skora av Ota (1), Kristiane (3) og Jeanette (4). I tillegg spelte Sara, Kjersti, Kjerstin, Guro, Frida, Andrea og Åsta-Johanne. Flott innsats av alle !