Jenter 13/14 rota det til for seg

I den siste av toppkampane møtte vi Hyllestad 1 på Hyllestad ikveld. Vi starta strålande og tok leiinga etter flott spel etter 3 minutt.

Kristiane sett eit innlegg med hovudet i mål. Vi storspelte første 20 minutt og overspelte Hyllestad utan å få fleire mål. Hyllestad er eit hardt arbeidande lag og jobba seg gradvis inn i kampen. Vi begyne å tape duellane og kom ikkje tett nok oppi. Dei utlikna før pause til 1-1 der vi glapp med presset i forsvar.


I andre omgang fortsette vi å spele bra og skapte sjansar. Desse vart eneten redda av ein god Hyllestad keeper eller gjekk like utanfor. Hyllestad var ikkje ufarlege på sine kontringer.


Så går det som det av og til gjer. Vi glipp i konsentrasjonen sjølv om vi er i overtall og 5 minutt før slutt får Hyllestad skyte i mål frå 5 meter. Vi kasta no alt framover utan å klare å utlikne. Sluttresultatet vart 2-1.


Vi gratulerer Hyllestad 1 med ein arbeidssiger, og vinn Hyllestad 1 sine 2 sistekamper er det no dei som er seriemester.


Idag spelte:


Sara, Rebecca, Åsta Johanne, Ota, Ingrid, Frida, Amalie, Guro, Kjerstin, Kristiane og Jeanette.


Årets siste seriekamp er heime mot Jølster.