Jenter 13/14 tar ferie som serieleiar

I vårens siste kamp møtte vi Jølster på kunstgraset ved Vassenden skule. Bana er smal og det var sterk vind på langs.

I første omgang spelte vi i motvind. Etter ein forsiktig start kom vi inn i kampen og spelte oss til masse halvsjansar. Jølster på si side fekk mange cornere ,og gjekk midtvegs i omganga opp til 1-0 på ein av desse. Til tross for vinden klarte vi å produsere masse sjansar men ingen mål i denne omgangen. Følelsen av at ingenting ville innafor stengene kom snikande….


I medvinden i andre omgang tok vi initiativet og etter 10 minutt kom utlikninga. Kristiane la eit frispark rundt muren og i lengste hjørnet. Herfrå og inn skapte vi masse og fekk etterkart plass til pasning spelet vårt. Jølster var likevel frampå nokre gonger med farlege kontringar men forsvaret og Åsta rydda opp. Ingrid scora 1-2 og Andrea sette punktum med 1-3. Begge måla etter flott spel.


Takk til jentene for flott innsats i vårsesongen. 21 poeng på 8 kampar og 64-12 i målskilnad er imponerande. Neste utfordring for jentene er DanaCup.


Idag spelte Sara, Kjersti, Åsta, Ota, Kjerstin, Jeanette, Amalie, Ingrid, Andrea, Frida og Kristiane. Rebecca og Guro var ikkje med i dag.