Jenter 14 DanaCup 2010

No er årets tur over og alle er komt vel heim. Her følgjer ei oppsummering av veka for jentene.

Kamp 1: Dale – Rasbo (Sverige) 1 -1


Dette var lagets aller første 11’er kamp. Etter ein litt spent start tok Dale kommandoen og hadde spelet i første omgang. Dale tok leiinga 1-0 etter eit flott langskudd frå Ingrid Hovland frå rundt 20 meter. I andre omgang tok svenskane over og pressa oss bakover. Dei utlikkna til 1-1 som og vart slutt resultatet. Laga hadde kvar si omgang og resultatet var greit.


Kamp 2: Dale – Lerums (Sverige) 1 – 1


Denne kampen spelte jentene på hovudarenaen. Dette vart nok ein jamn kamp. Ingen av laga klarte å skape veldig mange store sjansar. Svanskane tok leiinga på eit flott langskudd. Dette var også lagets einaste skudd på mål. Vi utlikna kom nok ein gong på langskudd frå Ingrid. Dale klarte ikkje å vere presise nok i dei siste trekka til å skore fleire. Det ville vore meir fortjent om vi vann denne kampen enn den første.



Etter 2 uavgjort ville Dale vere klar for A sluttspel med siger eller kanskje uavgjort mot Førde i siste gruppekamp. Førde på si side måtte vinne med ein uavgjort og eit tap før.


Kamp 3: Dale – Førde 0 – 2


Her var jentene tydeleg spente i starten men klarte å spele seg til fleire gode sjansar – vi var åleine gjennom med keeper 1 gang på 0-0. Førde tok over og skora 2 kjappe mål i første omgang. Andre omgang var jamnare og begge lag hadde klare målsjansar. Førde var det beste laget og vann fortjent sjølv om måla var billege – eit etter klar offside i trekket før, og på straffe etter «beskytte ansiktet» hands. Dale vart prega av mange byte og roteringar pga skader utover i kampen – likevel god innsats.


Med dette resultatet gjekk Dale til B sluttspelet.


Kamp 4: Dale – Frederikshavn (Danmark) 2 – 4


I kvartfinalen møtte vi heimelaget og vi spelte igjen på hovudarenaen. Vi la laget i ein meir offensiv formasjon i denne kampen. Heimelaget hadde to svært gode spelarar som tok oss litt på senga og dei ga heimelaget tidleg ei 3-0 leiing. Alle måla etter spel i bakrom og tapte dueller og løpsdueller. Spelemessig hang vi med i første omgang til tross for resultatet og skapte sjansar. I andre omgang la vi om laget og Dale tok kommandoen. Vel halvvegs i omganga reduserte vi til 1-3 og 5 minutt etter nok ei skoring. Begge måla av Kristiane Løseth Haugen åleine med keeper etter flotte pasningar. Med 7-8 minutt igjen satsa vi alt framover. I staden for 3-3 vart det 4-2 og siger til Frederikshavn som vann heile B-sluttspelet til slutt.



Når den første skuffelsen hadde lagt seg var konklusjonen at ein tross alt hadde gjort ein hederleg innsats. Ingen av laga vi møtte hadde spelt oss ut, og det vart ingen store tap for eit lag som ikkje spelar 11’er fotball til vanleg. Vi spelte i 14-års klassen med med 1/3 av laget eitt år yngre. Takk til Ingrid og Eivor som var med og styrka laget. Det er tett og jamn i slike turneringer, og Rasbo som vi spelte 1-1 mot tapte semifinalen i A sluttspelet.


 Skal vi sette fokus på ein ting som kan forbetrast framover må det vere duellspel, taklingar og tøffheit. Teknisk sett var vi ikkje svakare enn dei andre.


38277_1401508271297_1040027684_30935865_4081177_n.jpg


Takk til jentene for ei flott fotball veke:


Framme frå venstre: Kjersti Hovland, Jeanette Øksenberg, Åsta Johanne Sætenes, Kjerstin Boge Solaas, Ota Garre-Fivelsdal og Sara Dyrstad.


Bak frå venstre: Werner Garre, Ingrid Hovland, Rebecca Øen, Guro Flekke, Ingrid Nedrebø. Amalie Ness, Frida Haugsbakk, Kristiane Løseth Haugen, Andrea Boge Solaas, Eivor Flekke og Ståle Haugen.