Klart for ny handballsesong

Søndag den 16.september spelar Dale kamp mot Gloppen i 3. divisjon for damer. Dette er fyrste gong Dale har lag i divisjonen, og vi håpar flest mulig møter opp og støttar opp om heimelaget.I forkant av sesongstart har dei fleste laga vore gjennom cupspel og privatkampar.
Særskilt oppløftande var J16 og J18 sine resultat i Årstadcupen i Bergen, der J18 vart nr 2 og J16 vart slått ut i semifinalen. 

Nytt i år er at vi har inngått partnerskapsavtale med Førde der vi i felleskap med Førde deltek i Bring-kvalifisering (landsserien) for J16. I tillegg gir avtalen muligheiter for at damespelarar får høve til å prøve seg på Førde sitt 2. divisjonslag. Laga gjennomfører og ei fellestrening i veka.

På aldersbestemt nivå er tal utøvarar og tal påmelde lag høgare enn nokon gong. Det betyr at interessen for handball har hatt ei positiv utvikling dei siste åra.

Vi ynskjer alle handballinteresserte lykke til med sesongen, og håpar at flest mulig nyttar høvet til å få med seg gode og underhaldande kampar i Fjalerhallen.