KLART TAP MOT GODT SOGNDAL 2-LAG

Vi vart eit par nummer for små mot eit godt Sogndal 2-lag og tapte 5-0 på kunstgraset på Dingemoen måndag kveld.
Sogndal 2 stilte med 6 innbyttarar frå sist Tippeligakamp i tillegg til veteranen Tommy Øren. Når vi i tillegg mangla sentrale spelarar vart skilnaden stor.Ein katastrofal start gjorde heller ikkje ei frå før vanskeleg oppgåve noko lettare. Sogndal skapte 4 sjansar dei første 10 minutta og scora på 3 av dei. Resten av kampen vart prega av dette og det er vel ikkje meir å sei enn at eit godt Sogndal-lag hadde god kontroll og fort kunne putta eit par mål til. Vi kom aldri nærare redusering enn Kristian Aase sitt stolpeskot mot slutten av kampen.

Med dette tapet mista vi muligheiten til å komme opp i ryggen på Vik og Kaupanger i teten. Sjølv om det vart ei dårleg avslutning av vårsesongen, så skal vi totalt sett vere nøgde med det vi har prestert i første halvdel av sesongen.

Dagens Dale-spelar:   Geir Loneland

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Sogndal 2 0-5 (0-3)
Dingemoen idrettspark
100 tilskodarar

Mål:
0-1  3 min. Marius Salomonsen
0-2  6 min. Joakim Rudolfsen
0-3 10 min. Marius Salomonsen
0-4 69 min. sjølvmål
0-5 88 min. Ulrik Flo

Ingen gule kort.

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Idar Haugen Rochlenge, Alexander Myklebust, Geir Loneland, Christopher Skadal, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Kristian Ask, Kristian Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm

På benken:
Vegard Ulvik, Simen Stølen (for Kristoffer i 46. min), Henrik Kummeneje (for Runar i 67. min), Vegard Vesterås (for Christopher i 82. min), Martin Myklebust (for Idar i 82. min), Joakim Rakneberg