KLUBBDOMMARKURS – FOTBALL

Førstkommande søndag arrangerer Dale IL -fotball klubbdommarkurs. Dette er eit tilbod for dei som ønskjer å dømme aldersfastlagde kampar. Kurset varer tre timar, vert helde på Dale vidaregåande skule og startar kl. 12.Vi oppfordrar spesielt våre eigne spelarar (både gutar og jenter) i alderen 13-16 år om å delta, men også andre er velkomne.

Kurset er gratis. Kursleiar er Magn Helge Brattelid.

Påmelding innan fredag til Magn Helge på m-h-brat@online.no eller 911 42 451.