KNEPEN SIGER MOT VEITASTROND

Vi snudde 0-1 til 2-1 dei siste 10 minutta og slapp med skrekken mot Veitastrond i fredagens 4.div.kamp på kunstgraset på Dingemoen.
Vi gjennomførte ein ny svak kamp, men på same måte som mot Høyang sist vart det likevel 3 poeng.Dei som fortener mest skryt denne gongen er publikum. At det møter opp ca 100 personar i det verste griseværet i manns minne for å sjå ein 4.divisjonskamp er imponerande. Respekt!

Værgudane slo seg så vrange etter ca 30 min spel at dommar Robert Endestad ikkje såg anna råd enn å avbryte kampen fram til det verste hadde gitt seg.

Spelemessig var det lita som varma publikum. Upresist spel og svært få målsjansar prega kampen. Då laga gjekk til pause på 0-0 hadde vi registrert ein målsjanse til kvart lag.

Etter pause heldt det fram i same stilen, og då Kurt Heggestad banka inn eit frispark for gjestene etter knappe 20 minutt frykta vi at det skulle gå mot eit svært pinleg heimetap mot eit redusert Veitastrond-lag.

Nokre friske føter innpå pluss at alvoret såg ut til å gå opp for ein del spelarar gjorde at vi gradvis greidde å legge eit visst trykk på Veitastrond. Etterkvart kom også sjansane og i løpet av dei siste 10 minutta scora vi to gonger og sikra oss dermed tre kjærkomne poeng.

Neste helg er det toppkamp på bortebane mot eit fysisk sterkt Vik-lag, som no har 5 strake på rad og heller ikkje har sleppt inn mål på dei 5 kampane. Vi må rekne med at dette blir ei skikkeleg manndomsprøve for det unge laget vårt, og vi må nok berre innsjå at vi må opp på eit heilt anna nivå for å ha håp om poeng i den kampen. 
 
Dagens Dale-spelar:    Runar Aune

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Veitastrond 2-1 (0-0)
Dingemoen Idrettspark
Ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1 64 min. Kurt Heggestad
1-1 80 min. Vegard Dyrstad
2-1 88 min. Martin Tonning

Gule kort: Eirik Svorstøl, Dale og Øyvind Kristiansen, Veitastrond

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Vegard Dyrstad, Simen Stølen, Kennet Vik

På benken:
Vegard Ulvik, Henrik Kummeneje (i 60. min for Kristoffer), Chirstopher Skadal (i 63. min for Eirik), Magne Hillersøy (i 67. min for Simen), Asjab Muskadzjijev