KOMFORTABEL SIGER MOT EID 2

Det vart ein komfortabel 4-1 siger mot Eid 2 på Dingemoen tysdag kveld. Utfrå spel og sjansar burde sigeren vore langt større. Før vi fekk det forløysande 3-1 målet telde vi 16 klare målsjansar til heimelaget.
Vi fekk ein pangstart på dette oppgjeret då Simen sende oss i leiinga etter berre 15 sekund etter eit nydeleg angrep. Vegard dobla leiinga etter 7 minutt, og dermed såg det ut til å bli ein parademarsj.  Eid 2 fekk ei redusering og dermed levde kampen igjen sjølv om vi var klart best både spele- og sjansemessig.

I 2.omgang opplevde i periodar reine kanonaden mot Eid-målet, men desverre utan utteljing. Mange frykta nok spennande sluttminutt med kun eitmålsleiing, men eit drygt kvarter før slutt punkterte Simen det som måtte vere av spenning med ei lekker avslutning.

I sluttminutta scora Eid sjølvmål og dermed vart det komfortable 4-1. Ikkje eit mål for lite utfrå spel og sjansar.

Spelemessig var det mykje positivt å ta med seg i dag, og publikum fekk sjå mange flotte angrep. Heile laget leverte ei god førestilling, men vi gjer likevel ekstra pluss til Simen Stølen og Kristian Ask. Begge heimedebuterte i Dale-trøya og viste at dei er spelarar med stort potensiale.

Med full pott på to kampar har vi fått ein flott start på sesongen. No kan vi senke skuldrane og sjå fram til bortekamp på fredag mot eit Kaupanger-lag som også står med full pott. Kaupanger er eit av dei forventa topplaga i år og på heimebane er det heilt greit at dei får eit solid favorittstempel…

Dagens Dale-spelar:   Simen Stølen

Kampfakta, 4.divisjon:

Dale – Eid 2 4-1 (2-1)
Dingemoen Idrettspark
165 tilskodarar

Mål:
1-0 15 sek. Simen Stølen
1-1  7 min. Vegard Dyrstad
2-1 17 min. Erik Rotihaug 
3-1 74 min. Simen Stølen
4-1 88 min. Sjølvmål

Gule kort: Torbjørn Myklebust og Anders Heggedal, Eid 2

Dommar: Asbjørn Grinde Håre, Fjøra

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Kristian Ask, Vegard Dyrstad, Simen Stølen

Innbyttarar:
Vegard Ulvik, Kennet Vik (for Einar i 69. min), Christopher Skadal (for Martin i 79. min), Kristian Aase (for Kristoffer i 82. min), Jostein Vagstad (for Kristian A. i 86. min), Henrik Kummeneje, Asjab Muskadzjijev