KOMFORTABEL SIGER MOT SANDANE

5-2 og full kontroll frå start til slutt vart fasit etter fredagens møte med Sandane på Dingemoen.
På ei alt anna enn grøn Dingemoen-matte var vi best i det meste og kunne fort ha vunne meir.Dermed fekk vi revansjert fadesa mot Kaupanger sist helg og er med heilt i toppen i det som kan sjå ut til å bli ein svært jamn serie.

Spelarane skal ha skryt for at dei heile vegen prøvde å spele ball. I periodar lukkast vi godt og skapte sjansar som gjorde at sigeren fort kunne blitt større.

Neste oppgåve er 16. mai-oppgjeret mot Høyang, og det er kampar som alltid pleier å vere jamne. Sjølv om Høyang har slite så langt i sesongen er difor ingen grunn til å tru at dette vert noko walk-over.

Dagens Dale-spelar:   Kristian Ask

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Sandane 5-2 (3-0)
Dingemoen stadion
165 tilskodarar

Mål:
1-0  6 min. Kennet Vik
2-0 19 min. sjølvmål
3-0 43 min. Kennet Vik
4-0 56 min. Eirik Svorstøl
4-1 74 min. Gunnar Henden
5-1 75 min. Simen Stølen
5-2 86 min. Erik Slagstad

Gult kort: Eirik Svorstøl, Dale

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Kristian Ask, Vegard Dyrstad, Kennet Vik

På benken:
Vegard Ulvik (for Tor Ivar i 84. min), Simen Stølen (for Kennet i 59. min), Christopher Skadal (for Alexander i 64. min), Kristian Aase (for Einar i 71. min), Martin Myklebust (for Eirik i 79. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Asjab Muskadzjijev