LIVSVIKTIG SIGER FOR A-LAGET

A-laget tok tre livsviktige poeng då dei slo Høyang 2-1 på Dingemoen fredag kveld. Med denne sigeren gjekk vi forbi Førde 2 og kom heilt opp i ryggen på Høyang. Spelemessig var det eit steg tilbake i høve dei siste kampane, men i motsetnad til i vår vippar ein jamn kamp no i vår favør.Vi fekk ein sjokkarta start på kampen då Høyang gjekk opp i leiinga etter berre 3 min, men heldigvis kvitterte vi like etterpå.
Forsvaret vårt var passive og vi var på gyngande grunn ved fleire høve i første halvdel av 1.omgang, men slapp heldigvis med skrekken.

I 2.omgang slepp vi Høyang lite til og har stort sett god kontroll. Sjølv om ikkje vi skapar så veldig mange og store sjansar sjølv, vil vi påstå at vi vinn fortent kampen sett under eit.

Likevel var dette eit steg tilbake samanlikna med dei siste kampane, men med den flyten vi er i no så vippar ein slik kamp vår veg.

No ventar ein ny nøkkelkamp i botnstriden, nemleg Førde 2 borte neste måndag. Greier vi poeng der har vi skaffa oss eit godt utgangspunkt for den spennande sesonginnspurten.

Dagens Dale-spelar:   Nicolai Macpherson

Kampfakta, 4.divisjon:

Dale- Høyang 2-1 (1-1)
Dingemoen stadion
ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1   3 min. Sjur Gjerdaker
1-1   7 min. Frank Vik
2-1 61 min. Runar Aune (str)

Gule kort: Henrik Kummeneje, Dale og Jaran Vefring, Høyang

Dommar: Frode Ølmheim, Syril

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Nicolai Macpherson, Simen Stølen, Frank Vik, Magne Hillersøy

På benken:
Tommy Holm (for Kristoffer i 46. min), Henrik Kummeneje (for Frank i 64. min), Jan-Anders T. Wichstrøm (for Magne i 67. min), Richard Skår (for Simen i 81. min), Vegar Kjos, Sander Dyrstad