Lokaloppgjer i 4.div damer

Dale og AHIL møttes fredag til kamp i 7’er serien i 4. divisjon. Dale hadde nesten fullt mannskap tilgjengeleg til denne kampen.I første omgang hadde Dale ballen mest utan å storspele. Laget vart for stilleståande og initiativlaust. Det betra seg utover i omgangen og til pause var stillinga 2-1.

Dale var klart best utover i 2. omgang og opparbeidde seg etterkvart ei solid leiing. Bevegelse og pasningar var betre, og det vart skora fleire praktmål etter flott angrepsspel. Sluttresultatet vart heile 9-3.

For Dale spelte idag Andrea B.S., Amalie, Malin, Sandra, Ingvild, Kristin, Isabel, Aina, Ingrid, Kristiane, Ine og Gina.