Mange frå Dale IL Sykkel påmeldt til Birken.

Idag tidleg opna påmelding til neste års Birkebeiner-ritt på sykkel. Dette er eit av årets store høgdepunkt for sykkelgruppa, heile 13 syklistar fekk plass.

Det er stor interesse frå syklistar landet rundt kvart år om plass på Birken. Dette tur-rittet er 94 km og går mellom Rena og Lillehammer, og har plass til totalt 18 000 deltakarar. Dei siste 4 åra har vi hatt med folk frå Dale IL Sykkel på dette rittet, og erfaringar vi har gjort er at dette er utruleg kjekt. Rittet går i ei blanding av terreng, grus og asfalt. For meir informasjon gå inn på www.birkebeiner.no

Desse klarte å komme med på neste års birkebeiner-ritt sykkel:

Karina Helle , Arlen Hjartholm, Linda Hovland og Bente Liabø Thorsen er med på Fredagsbirken 26. August. Her er det pr idag  framleis ledige plassar.

Kjetil Felde, Øivind Helle, Frode Hellebust, Stian Neset og Vegard Strand er med på laurdagsrittet 27. August i kraft av at  desse skal gjennomføre Birkebeiner-trippelen. Det betyr at desse skal vere med på alle arrangementa neste år dvs ski, sykkel og løp.

I tillegg til desse kom Ståle Brattelid, Inge Jacob Nyland, Bjarte Skår og Hege Vagstad gjennom dagens "nålauge" og skal og sykle laurdagsrittet. Det betyr totalt 13 syklistar frå Dale på startstreken neste år, noko som er solid rekord frå klubben vår.

For dei som står på venteliste, eller som seinare skulle få lyst til å melde seg på vil dette normalt sett ordne seg. Mange sel sine plassar av ulike årsaker, så det er berre å følge med på finn.no utover våren og somaren. 

Då er det berre å halde seg i aktivitet gjennom vinteren.