MELD DEG PÅ FOTBALLAKADEMIET

fETt Neset-fotball og Dale fotball vil i samarbeid tilby trening med fokus på fotball to gonger i veka utanom den organiserte treninga. I tillegg til fotball vil øktene ha fokus på trening av kjernemuskulatur og skadeførebygging. fETt Neset -akademiet er ei breiddesatsing i samarbeid med Dale fotball og skal bidra til ei vekst i breidda i Dale-fotballen. Målet er auka fysisk aktivitet blant born og unge samt å hindre fråfall på unge fotballspelarar.

For kven?                                                                                                                                                    Tilbodet vil vere for elevar(jenter og gutar)i 4-10 klasse. For den eldste gruppa på måndagar(07.15-08.15)  og torsdagar(14.45-15.45), og for den yngste gruppa måndagar (14.45-15.45)  og torsdagar (07.15-08.15)
Tilbodet er for dei som ynskjer å ha fleire økter med fotball i løpet av ei veke. Det er for dei som vil trene for å bli betre, og det vert vektlagt gode haldningar med fokus på kameratskap på tvers av aldersgrupper og kjønn.

Gode haldningar er eit krav for å kunne vere med på Dale-akademiet.

I første omgang vil dette vere eit tilbod til 30 stk i kvar gruppe, og det er «først til mølla» prinsippet som gjeld. Dersom det er fleire som melder seg på vil det bli oppretta ei venteliste. Utøvarar som i den organiserte treninga viser gode haldningar kan bli prioriterte.
Treningane vil bli haldne i Fjalerhallen frå veke 43 og fram til hallen stenger i veke48.

Ny oppstart etter nyttår.
 
Innhald
Fokuset på øktene vil vere ulike spelformer og å betre dei tekniske/taktiske ferdigheitene til utøvarane. Styrketrening med fokus på kjernemuskulatur og  skadeførebyggjande styrketrening vert ôg ein viktig del av akademiet.
All styrketrening vil vere med eiga kroppsvekt.

  • Er du med på Dale-akademiet får du ekstra trening med tett oppfølging frå instruktørar på utvikling av tekniske og taktiske ferdigheiter i fotball.
  • Du vil få fokus på trening som tek sikte på å betre den generelle fysikken.

 
Oppstart måndag i veke 43 (21.10.13).
 
Pris:
– For to økter pr veke kroner 600 (10 økter)                                                                                                                  
– For ei økt pr veke kroner 400 (5 økter).

Dei som melder seg på to økter vil bli prioriterte

Om det vert færre enn 30 påmelde vil ein truleg samle dei to gruppene.
 
Påmelding på e-post: fETtNeset@gmail.cominnan 10.10.13                                                                                
Betaling til kontonummer: 3741 11 14385 – registrert betaling = påmeldt