NED PÅ JORDA MED EIT BRAK

Etter to strake sigrar i seriestarten var det ned på jorda med dunder og bra på fredag. Mot eit godt Kaupanger-lag leverte vi ei sørgeleg førestilling og tapte heile fortent 5-0.Vi er førebudde på at prestasjonane vil variere med eit så ungt lag, men må likevel innrømme at det som skjedde fredag var skuffande. Kaupanger er tippa som ein av favorittane og dei viste i denne kampen at det ikkje er utan grunn, men dei fekk urovekkande lett spel.
Fint lite fungerte kampen gjennom og vi skal vel strengt tatt vere glad for at det ikkje vart fleire baklengs. Sjansemessig var det også tynn suppe. Ein farleg målsjanse på 90 minutt fortel det meste om prestasjonen vår i denne kampen.

No er det full skjerpings og ei god treningsveke, så skal vi vere klar til å vise oss frå ei betre side mot Sandane på Dingemoen på kommande fredag.

Kampfakta, 4.divisjon

Kaupanger – Dale 5-0 (4-0)
Kaupanger stadion

Mål:
1-0 13 min. Sindre Rørvik
2-0 37 min. Sindre Rørvik
3-0 39 min. Kristian Fardal Opseth
4-0 44 min. Kristian Fardal Opseth
5-0 57 min. Kristian Fardal Opseth

Gule kort: Runar Aune og Kennet Vik, Dale

Dommar: Stian Aaland, Haugen

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Kristian Ask, Vegard Dyrstad, Simen Stølen

På benken:
Vegard Ulvik, Kennet Vik (frå 46. min for Simen), Christopher Skadal (frå 46. min for Einar), Kristian Aase (frå 63. min for Martin), Jostein Vagstad (frå 69. min for Vegard)