Nytt kunstgras på plass

Litt forseinka er det nye kunstgraset så godt som ferdig. Vi kan dermed igjen spele på eit moderne underlag. Noko arbeid gjenstår som litt asfaltering og oppgradering utanfor asfalt. Nye mål med hjul skal erstatte dei gamle tunge. Bana er forventa å vere klar til bruk i kommande veke.

Vi takker Fjaler kommune, Sparebankstifinga i Fjaler, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Marine Harvest som har gjort dette mulig.