NYTT TAP FOR A-LAGET

Det vart tap nummer to på rad for A-laget då dei gjesta Sandane på laurdag. Heimelaget vann 4-2 etter 3-0 ved pause. Utfrå vår statistikk på Sandane kan vel ikkje dette kallast noko bombe…Etter ein sørgeleg 1.omgang der vi fekk til fint lite måtte vi gå til pause på 0-3. No skal det seiast at heller ikkje heimelaget skapte all verda. 3 mål var i overkant effektivt utfrå dei sjansane dei hadde.

I 2.omgang heva vi oss mange hakk og sette glopparane under press frå start av. Reduseringar av Jan-Anders og Kennet gjorde at det var full kamp igjen og Sandane var rysta. Desverre så sleppe vi inn eit billig mål like etter og dermed er mykje av spenninga ute av kampen.

Spelarane fortener ros for å ha heva seg i siste halvdel av kampen. Vi får ta med oss det og satse på har endå nokre hakk å gå på mot Kaupanger på fredag. Då bør det vere håp om årets første trepoengar.

Kampfakta, 4.divisjon:

Sandane – Dale 4-2 (3-0)
Sandane Idrettspark

Mål:
1-0   7 min. Aaron Nyemah
2-0   9 min. Mads Wie
3-0 27 min. Ruben Wie
3-1 56.min. Jan-Anders T. Wichstrøm
3-2 62.min. Kennet Vik
4-2 64.min. Romeo Juty Johnny

Gule kort: Magne Hillersøy og Kennet Vik, Dale

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Geir Loneland, Eirik Systaddal, Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Jonas Døving Nordal, Richard Skår, Simen Stølen, Magne Hillersøy, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Kennet Vik (for Simen i 46. min), Christopher Skadal (for Henrik i 46. min), Sander Eikevik Dyrstad (for Richard i 84. min), Vegar Kjos (for Jonas i 90. min)