NYTT TAP FOR A-LAGET

Heller ikkje mot Skavøypoll lukkast vi med å ta poeng i årets 4.divisjon, men samstundes var det klar forbetring frå dei siste kampane. Innsatsmessig og defensivt skal vi jamnt over vere nøgde med kampen, men offensivt skapte vi lite.Vi gjekk forsiktig ut mot eit av topplaga i divisjonen og hadde som mål at vi skulle ta med oss det poenget vi hadde då kampen starta. Dette lukkast vi godt med og eit etterkvart frustrert heimelag skapte fint lite. Typisk nok når vi er eit botnlag så sleppe vi inn mål på verst tenkeleg tidspunkt. Like før pause går vertane i leiing då eit innlegg flaksar inn i borterste vinkel.

Også etter pause får vi ein dårleg start då vi sleppe inn eit nytt latterleg mål. Eit i utgangspunktet ufarleg frispark frå skrå vinkel går forbi alle inne i feltet og trillar i mål. 

Resten av kampen var på mange måtar eit pliktløp. Vi skapte lite offensivt, men holdt bra struktur defensivt fram til Eirik vart utvist. Dei siste 20 minutta med 10 mann sleit vi noko meir og var heldige som ikkje fekk eit baklengs eller to til.

Alt i alt var dette -tross nytt tap- eit steg i riktig retning. Vi la ned ein skikkeleg innsats og hadde god struktur defensivt, men har ein del å jobbe med offensivt.

Kampfakta, 4.divisjon

Skavøypoll – Dale 2-0 (1-0)
Skavøypoll stadion

Mål:
1-0 45 min. Chris Nedreberg Silden
2-0 51 min. Rune Myre 

Gule kort: Rune Solvang, Skavøypoll, Magne Hillersøy og Martin Tonning, Dale

Raudt kort: Eirik Systaddal, Dale (2 gule – 70 min)

Dommar: Rolf Kåre Allmenning, Florø

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Christopher Skadal, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Jonas Døving Nordal, Eirik Systaddal, Richard Skår, Jan-Anders T. Wichstrøm, Magne Hillersøy

Innbyttarar:
Simen Stølen (for Richard i 60. min), Vegard Vesterås (for Christopher i 75. min), Henrik Kummeneje (for Jonas i 85. min), Sander Dyrstad (for Jan-Anders i 85. min)