NYTT TAP FOR DALE 2

Dale 2 har eit travelt program denne veka. På måndag vart det tap i Stryn og onsdag gjekk turen til Kaupanger. Også her vart det tap, denne gong med 3-1. Stillinga ved pause var 2-0. Geir Harald Langeland scora målet vårt på straffe.
Laurdag avsluttar Dale 2 sesongen med heimekamp mot Jølster 2. Kampen går rett etter A-kampen mellom dei to same klubbane. Lagoppstilling:
Vegard Ulvik, Even Ness, Geir Harald Langeland, Christopher Skadal, Vegard Vesterås, Kristoffer Rogne, Kristian Ask, Joakim Rakneberg, Sander Dyrstad, Magne Hillersøy, Simen Stølen

Innbyttarar:
Halfdan Arstein, Bjørnar Kummeneje